Aktivitetar for barn

dinosaurar i oljeutstillinga    Båt, Kystmuseet

Vi ynskjer å legge til rette for at familiar med barn skal få gode opplevingar på Kystmuseet i all slags ver, og har kjekke tilbod til dei yngste både inne og ute. Her får dei leike, teikne og lage noke, møte dyra, eller prøve evakuering av ein oljeplattform. I godt ver har vi fine forhold for uteleik og speling på marka, utforske livet i sjøkanten, fiske krabbe, leige robåt og fiskeutstyr.