Båtar og leik

Båtar og leik, KystmuseetBåtar og leik, Kystmuseet

Målsetjing:
Gjennom læring, laging og leik, skal det dannast forståing for viktige trekk ved livet i kystsamfunnet, i tider då næring og samkvem var enda tettare knytt til sjøen.

Innhald:
Elevane får lære om ulike eldre fartøytypar og bruken av desse båtane, både lokalt og rundt om i verda. Elevane lagar enkle modellbåtar, og nyttar så båtane til leik på store landskapskart (på golvet) der delar av kysten og verda er teikna inn. Elevane leikar seg til læring om korleis liv og virke tidlegare var på kysten og på dei sju hav. Elevane skal bli inspirerte til eigen aktivitet med modellbåtar heime etter økta på Kystmuseet.

Praktisk:
Oppmøte ved Kystmuseet sin hovudinngang. Vi går til Båthallen, ser på ulike fartøy, frå små robåtar til større jekter, og lærer om ulike rigg- og segltypar (råsegl, sprisegl, gaffelsegl). Deretter lagar elevane modellbåtar med rigg og segl. Det kan vere ein fordel at kvar elev har med seg ein pose til å bere modellbåtane heim i, særleg med tanke på regnvêr. Det er óg bra med regnbukse el.l. sidan leiken går føre seg på betonggolvet inne i Båthallen.

Tidsforbruk:
Om lag 3 timar.

Klassesteg:
3. og 4. klasse. Max. 30 elevar om gongen

Sjå forankring i lærarplanane.  

Kostnad:
For skulane i Flora Kommune vert materialkostnaden dekka av Den Kulturelle skulesekken. Skulane må til vanleg sjølve dekkje eventuell kostnad for reisa til/frå Kystmuseet.  

Påmelding og tidsrom for opplegg:
Tilbodet  gjeld nokre veker på våren i 2018. Påmelding innan 28. februar.

Ta kontakt med formidlingsleiar dersom de har spørsmål.
Epost: jorunn.bjerk@misf.museum.no       Telefon: 98 26 98 53