Gjenstandssamlinga

 

Gjenstandsamlinga til Nordfjord Folkemusem omfattar ca. 25 000 gjenstandar. Tilsaman skildrar dei arbeids- og daglegliv i Nordfjord frå 1600-talet og fram til i dag. Samlinga inneheld gjenstandar knytt til hus og heim, landbruk og fjordbruk, handverk og husflid. Her finn du alt frå folkedrakter, åkle og brurepynt til våpen, reiskap og elektriske apparat. Størsteparten av samlinga er frå 1700- og 1800-talet, men det er også samla inn gjenstander frå vår nære fortid.

Nokre av gjenstandane er stilt ut i faste og skiftande utstillingar, resten er lagra i klimastyrte magasin.

Studiebesøk

Nordfjord Folkemuseum ønsker at også dei gjenstandane som ikkje er utstilt skal vere tilgjengelege for publikum. Studentar, forskarar og privatpersonar kan bestille uttak frå magasin og besøke samlingane.

Retningslinjene for slike besøk er som følger: 

  • Besøket må avtalast med konservator i god tid på førehand, og bakgrunn og formål med besøket avklarast.
  • Bruk gjerne digitaltmuseum.no for å finne gjenstandar du ønskjer å sjå på museet. Der står gjenstandsnummeret, noko som gjer det lettare og raskare for oss å finne dei fram.
  • Ikkje alle gjenstandar er tilgjengelige for vising sjølv om dei står oppført i museet sin database. Dei kan vere på utstilling, konservering, eller på utlån hos andre museum. 

Konservatoren nås på:
Tlf.:  48 26 78 05
E-post: ingrid.berger@misf.museum.no

Utlån

Ved søknad om utlån eller ved ønske om å lage ein kopi av museet sine gjenstandar må det sendast skriftlig søknad til:

Nordfjord Folkemuseum 
v/ Avdelingsdiretør 
Anne Kristin Moe
Gota 16
6823 Sandane

anne.kristin.moe@misf.museum.no