VÅGSBERGET

Museet sin største gjenstand er utstilt på Nordsida av Gloppefjorden, ca. 2 km frå Sandane sentrum. Som einaste fartøy av sitt slag er Holvikejekta er eit viktig maritimt kulturminne både i norsk og europeisk samanheng. 

Ei jekt er ei brei, lita seglskute som har ei mast med råsegl og er utan fast dekk. Den har høg stamn og tverr akterende, ofte med eit rom med eit eller to glas. Storleiken på jektene har variert frå under 10 meter lengde til over 20 meter. Jektene blei brukt som fraktefartøy langs heile kysten, frå Hardanger i sør til Finnmark i nord. Bergen var målet for dei fleste frakteferdene. Langs kysten var det fisk som skulle seljast, i fjordane ved. Truleg overtok denne fartøytypen etter vikingtida sitt handels- og fraktefartøy, knarr. 

Holvikejekta var bygd i 1881 i Krånafjøra på Sandane av brørne Jakob og Andreas Apalset. Smedarbeidet blei gjort av Elias Andenes. Jekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei. Masta var 26,5 meter lang og storselg-råa 14 meter lang. Framme på jekta er «pletten» der anker og ankerspel stod. Bak er "vengen", rommet der mannskapet budde med senger, bord og kokeomn. Over vengen er vengedekket, der styrmannen stod. Storseglet vart heisa ved hjelp av ein firskoren talje med nedste taljen fastbygd i jektekonstruksjonen. (Seinare fekk jekta ei krøppelspel for heising av seglet). 

Dei som eigde Holvikejekta var Abraham Pederson Holvik (f.1849) som var var brukar i Holvik på Sandane, Ole Jensson Austrheim (f.1856) som var brukar på Jens-Olabruket på Austrheim, Ola Larsson Eide (f.1865) som var brukar på bruk nr.5 og Reiel Andersson Andenes (f.1844) som var brukar på Martinsbruket.

Last 

Holvikejekta vart brukt til å frakte ved og trelast til Bergen. Jekta kunne ta vel 120 famner ved. var veden kløyv året før, var han lettare, og dei hadde ved eit høve med 150 famner. For å få plass til store lass, vart det sett stakar ned i hol i vaterbordet, og sette bord på kant på innsida av desse. På toppen av stakane, som kunne nå eit par meter over vaterbordet, gjekk det tau tvers over jekta til staken på den andre sida. 

I tillegg til famnved, var det vanleg å ha med material, tynneband, bastetau, never, tønner og skrin, heimevove tøy og andre heimelaga produkt til å selje i byen. Born kunne samle kongler for sal eller knusk til kveikje. Av større ting jekta tok med var færinger (båter) og mastestolper. Det hende og at levande dyr vart tekne med til Bergen. Då laga dei eit rom til desse i vedlasset. Slik last var alltid bestilt før levering, medan veden som var med, skulle seljast i byen i større eller mindre parti.

Bergen 

I Bergen skulle lasta seljast og leverast, ting dei trong heime vart handla inn. Ein kunne gjere ærend hos øvrighet eller fagmiljø, treffe slekt og vener, og dra på fest og uteliv. Det var skipparen si oppgåve å halde greie på oppgjeret både med kjøparar og leverandørar til kvar tur. Frå Bergen kunne jekta ta med fint mjøl, sukker, salt, slipesteiner, klær og takpanner. To-tre turar til Bergen i løpet av eit år var vanlig og mannskapet bestod av fem-seks mann.

Ut av bruk

Då motorbåtane kom, vart jektene etter kvart utkonkurrerte. Nokre vart avrigga og isette motor, andre vart ombygde, medan dei gleste nedsøkkte, opprotna, brende eller hogde. Holvikejekta fekk ein annan skjebne etter at ho vart sett på land på Øyrane i 1906. Både masten, seglet, krøppelspelet og ankerkjettingen vart solgt før Nordfjord Sogelag fatta interesse for jekta og kjøpte ho i 1909. Då sogelaget skipa Nordfjord Folkemuseum i 1920 vart ho den fyrste gjenstanden i samlinga.

Einaste bevarte klinkbygde jekt

Av dei mange hundre jektene som segla med frakt til Bergen er Holvikejekta den eneste klinkbygde jekta som er bevart. Klinkbygging er ein alderdomeleg båtbyggermetode der båtborda ligg over kvaranndre og er festa til kvarandre med saum. "Saum" er ein særskild spikar med hovudet på utsida som er klinka mot ei ro på innsida av huda. "Huda" - dei ytre båtborda - vert bygd fyrst, og forma på båten vert gjeven etter kvart som ein lagar hud. "Spanta" - innveden - blir forma etterpå og festa til huda med trenaglar. (Dette skil klinkbygging frå den nyare metoden kravellbygging, der spanta vert laga fyrst og hudborda deretter festa til desse).