UTSTILLINGAR PÅ KYSTMUSEET

Friluftsmuseet1

Friluftsmuseet i Jølet har 45 antikvariske bygningar frå 1600-, 1700- og 1800-talet.

Bygningssamlinga inneheld stover og stabbur, eldhus, låver og fjøs, stall og støyl, hunde- og hønsehus, samt ei skulestove og et fargeri.
Museet har tematisk ansvar for vasskraft i Sogn og Fjordane og fungerande kvernhus, stampe, sag og hjulhus ligg langs elva knytt saman av dammar og renner.

I sommersesongen (juni - aug.) er husa innreidde og opne for publikum. Utanom sesongen slepp vi inn folk etter avtale. 
Les meir om husa våre her.