• Kurs i lefsebaking med Kari Støfringsdal.
  • Museumstorsdagar.
  • Dinosaurdag med Jørn Hurum.
  • Konsert med Fliflet og Burgess.

 

Museumstorsdagar:

Desse dagane bør de legge turen innom Kystmuseet mellom kl. 11 og 13. Då får du sjå og lære om ulike tema knytt til utstillingane på museet. Vi legg til rette for ei interessant omvising med ein hyggeleg kaffekopp etter på.

  • Torsdag den 19. mars vert omvisninga på Bataldebua, der heng silda til tørk og utstillinga fortel om "det store sildeeventyret". 
  • Torsdag den 30. april skal det handle om dei første familiane som kom og slo seg ned ute på Brendøya. Er veret fint, vert omvisninga ute, og vi leiter etter spora som er att i kulturlandskapet.
  • Torsdag den 11. juni vert det omvisning i sommarutstillinga Bjørn Hegranes - 'Kyst'

 

Kurs i lefsebaking og tradisjonsmat tysdag 21.april kl 17 - 21.30

lefsekurs
Her får du lære tradisjonsmat med Kari Støfringsdal frå Fjordamattunet. 
For meir informasjon og påmelding ksf@misf.no  tlf 982 69 854

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dinosaurdag 12. mai 

samtale mellom ekspertar
Jørn Hurum kjem til oss og fortel om Noregs einaste dinosaurfunn, for no har han skrive bok om Snorre-dinosauren! Følg oss på Facebook!