KYSTMUSEET I FLORØ

Tettstaden, Kystmuseet

Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Langs vegen gjennom området blir det bygd eit friluftsmuseum med tilflytta hus - både gardstun, tettstad og fiskevær.

Vi har fleire faste utstillingar i Florø: 

I Båtutstillinga kan du sjå ulike typar Sunnfjord- og Nordfjordbåtar brukt i tida frå 1750 til 1930. Bakkejekta er den eldste, brukt i fraktefart til og frå Bergen. Jektefarten inn og ut fjordane, til Bergen og nordover til Lofoten har fått ekstra merksemd i utstillingane. Her er også utstilling om sjøkart, om ulike fiskeri og fiskereiskapar og om skyss- og fraktefart på 1900-talet.

Båtutstillinga, Espen Mills

By og bygd ved kysten.
Museet har ei fast utstilling om Florø by si utvikling frå 1860 til i dag. Her ser ein velkjende element frå verksemd, fest og kvardagsliv i byen, m.a. ei spisestove frå ein handelsmann på 1920-talet. Livet på kysten er og synt fram i ei interiørutstilling med inventar frå ein fiskarheim rundt år 1900.

 «Det store sildeeventyret»

I Bataldebua på Prestholmen kan du sjå den faste utstillinga som omhandlar sildetida i vårt område, og pionertida i norsk havforsking som er nær knytt opp mot dei skiftande førekomstane av silda.

Sildeeventyret, Kystmuseet

 

Oljeutstillinga "Snorreankeret" dsmadfjioejfoiew f finn du informasjon om her.

Oljeutstillinga Kystmuseet, Espen Mills

 Kart over museumsområdet vårt i Florø finn du her. 

 

Kystmuseet har stadig skiftande tema-utstillingar og kunstutstillingar i auditoriet/utstillingsrommet. Flora Kunstlag er fast samarbeidspartnar og nyttar lokalet til sine utstillingar.  
Skiftande utstillingar finn du meir informasjon om på hovudsida.