Museet si historie

Kystmuseet i Florø

Arbeidet med eit museum som skulle dekke ytre strok av fylket tok til i 1975. Interessa for kystkultur hadde auka i Noreg, og dei etablerte musea i Sogn og Fjordane låg ikkje slik til at dei hadde naturleg tilknyting til kysten. Kystmuseet blei formelt stifta i 1980 og var frå starten av desentralisert. Museet freistar å ta vare på hus og anlegg der dei opphavleg høyrer heime, og berre som siste utveg vert bygg flytta til museumsanlegget i Florø. I 2009 vart Kystmuseet i Sogn og Fjordane ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) som er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane.

Ansvarsområde

I Museumsplan for Sogn og Fjordane vert det slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll og Flora. I kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje skal Kystmuseet ha ansvar for oppgåver som er spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver skal leggast til Nordfjord Folkemuseum. Kystmuseet er eit distriktsmuseum for kyststroka og er difor eit ålment kulturhistorisk museum. Vi legg vekt på båtsamlinga, og har hovudansvar for fartøyvern i fylket. Vi legg vekt på kystøkologi ved utforming av utstillingar. Kystmuseet fungerer som kystkommunane sin museumsrådgjevar når dei treng faglege råd. 

Kystmuseet ligg i eit kystandskap, og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som strekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal. I dette landskapet voks det fram ei livsform og eit sosialt rom som mange framleis kan kjenne seg att i på heile den lange strekninga der lyngheia framleis blømer.