OLJEUTSTILLINGA

Snorreankeret, Kystmuseet i Florø, Espen Mills

I bygget "Snorreankeret" kan du sjå ei utstilling om oljeverksemda utanfor kysten vår. Utstillinga viser kvifor Noreg har så mykje olje, korleis vi finn og tek opp olje og gass, og korleis arbeidet og livet på ei plattform kan arte seg. To plattformer har fått særskilt merksemd hos oss; Snorre A som ligg 150 km vest for Florø, og Gjøa som ligg berre om lag 60 km frå kysten her. Omvising med guide på Snorreankeret er inkludert i billetten. 

Vis
Framside