Aktivitetar for barn

Krabbefiske, Kystmuseet

Vi legg til rette for at familiar med små barn skal få gode opplevingar på Kystmuseet i all slags ver, og har kjekke tilbod til dei yngste både inne og ute. Her får dei leike, teikne og lage noke, sjå på dyra, eller prøve evakuering av ein oljeplattform. I godt ver har vi fine forhold for uteleik og speling på marka, utforske livet i sjøkanten, fiske krabbe, leige robåt og fiskeutstyr.