Oljeverksemda i Nordsjøen

Oljeutstillinga Kystmuseet, Espen Mills

Målsetjing: Elevane skal oppnå kompetanse om utvinning av olje og gass i Nordsjøen.

Innhald: Vi besøker oljeutstillinga i Snorreankeret ved Kystmuseet, og fortel om oljeverksemda rett utanfor kysten vår. Elevane lærar om korleis olja vart laga av mange millionar år gamle dyre- og planterestar frå den tida då dinosaurane rådde jorda. Så viser vi korleis dei leitar etter olja, korleis dei hentar olje og gass opp til overflata og korleis transporten til land går føre seg. Busstur til Fjord Base, og omsyning på dette store området som er forsyningsbase for delar av oljeverksemda på norsk sektor.

Tidsforbruk: 3 timar

Klassesteg: 9.klasse eller vidaregåande skule. Max. ein klasse om gongen. OBS: Fådelte skular kan komme med fleire klassesteg.

Praktisk: Opplegget om oljeverksemda i Nordsjøen består av to delar. Del A er ustillinga ved Kystmuseet, og del B er omsyning på forsyningsbasen Fjord Base. Om ein gjennomfører del A eller del B først, er avhengig av når på dagen skuleklassar kjem. Dette vert avtalt ved påmelding. Ein kan og gjennomføre berre ein av delane.

Del A: Oppmøte på Kystmuseet, hovudinngangen. Velkommen og kort orientering om opplegget. Spørsmålsrunde til elevane om olje- og gassutvinning (sjå under førearbeid).

Omsyning i Snorre-ankeret og utstillinga om olje- og gassproduksjon i Nordsjøen. Elevane får informasjon om sjølve bygget (modell av eit anker), deretter om Snorre-plattforma. Vidare får dei sjå modellar som gjev god innsikt i heile prosessen frå urskog og grøne planter, fram til olje og gass vert ført i land. Dei lærer om korleis grunnlaget for olje og gass vart skapt for millionar av år sida, kort innføring i geologi, korleis ein leitar etter olje og gass, korleis olja ligg i bergartane, og om boring og produksjon.

Ein stor modell syner korleis olje- og gassproduksjon i Nordsjøen går føre seg, både med plattformar, boreskip, røyr-leidningar, tankskip med meir. Elevane får også vite om tryggleik i samband med olje- og gassutvinning, undervassarbeid, om forsyningsbasen i Florø, og dessutan om mogelegheiter for jobb i petroleums-sektoren og krav til utdanning og kompe-tanse. Økta med omsyning i Snorre-ankeret tek omlag ein time. Etterpå er det evt. omsyning på Fjord Base.

Del B: Busstur til Fjord Base (ca. 10 minutt). Ein representant for basen møter elevane og guidar  rundt på dette store området som er forsyningsbase for delar av oljeverksemda på norsk sektor i Nordsjøen. Omsyninga går føre seg ved at bussen køyrer rundt på området. Omsyninga tek omlag ein time, og inkluderer rundtur med buss ca. 35 minutt, film om Florø 11 minutt eller film om bedrifta INC (som mellom anna eig Fjord Base) 12 minutt.

Etter fjordbasen køyrer bussen direkte til Kystmuseet eller til Florø hamn, ca. 10 min. køyring. Ved retur til Kystmuseet er det omlag 300 meter å gå frå bussen til museet.

Forankring i lærarplanane *sjekk denne

Kostnad: For skulane i Flora Kommune vert materialkostnaden dekka av Den Kulturelle skulesekken. Skulane må til vanleg sjølve dekkje transportkostnadar for reisa til/frå Kystmuseet.

Busstransport mellom Kystmuseet og Fjord Base må kvar skule tinge og koste sjølve. Firda Billag sender faktura direkte til skulen.

Tidsrom for opplegg: Etter avtale i vårsemesteret.

Førearbeid: Det er ikkje naudsynt med førearbeid, men elevane bør kjenne til kva dei skal lære om på museet.

Nyttige lenker

Norsk Oljemuseum, Stavanger
Norsk oljehistorie i korte trekk
Statistikk om norsk petroleumsverksemd frå Statistisk sentralbyrå
Oljeindustriens Landsforeining sine heimesider
Olje-og energidepartementet sine heimesider
Side om m.a. mikrofossile og jorda sin geologiske utvikling. Passar for ungdomsskulen
Natur og ungdom sine heimesider med stoff om olje, gass og andre energiforme
Bellona sine heimesider om energi