Sildeflekking

Sildeflekking, Kystmuseet

Målsetjing:
Elevane får oppleve kulturhistoria knytt til det rike sildefisket som er grunnlaget for at by-samfunnet Florø vart etablert her på 1800-talet. Dei skal få praktisk erfaring med salting og tørking av silda, og lære om forskinga knytta til sildeforekomst og økologi i havet.

Innhald:
Klassane kjem til den gamle saltebua på Prestholmen, kalla Batalde-bua. Der er er ei utstilling om sildefisket før i tida, og om havforsking og sildebiologi. Her skal elevane flekke sild på gamlemåten, med kniv på flekkebenken, salte og til slutt henge opp til tørking på bualoftet. I arbeidet inngår det óg naturfaglege oppgåver knytt til havforskning og sildebiologi. Ute ved bålpanna vert det grilling av silderogn med smaksprøver til alle. Etter ca seks veker på loftet er silda tørka, og skulen må hente og planlegge den vidare bruken av silda.

Tidsforbruk:
Om lag 3 timar

Klassesteg:
6. klasse. Max. 30 elevar om gongen.

Praktisk:
Elevane må vere godt kledde, med oljeklede, vasstette støvlar og varmt ulltøy under. Bataldebua er trekkfull og svært kald i februar/mars, og vi arbeider mykje i rennande kaldt vatn. Dei som treng det får bruke eingongs-hanskar.

Silda kan hentast etter om lag 6 veker. Vi frys ned silda om ho ikkje vert henta før 1. mai

Sjå forankring i lærarplanane.

Kostnad:
For skulane i Flora Kommune vert materialkostnaden dekka av Den Kulturelle skulesekken. Skulane må til vanleg sjølve dekkje eventuell kostnad for reisa til/frå Kystmuseet.

Påmelding:
Tilbodet gjeld veke 9, 10 og 11 i 2018. Påmelding innan 31.januar.

Førearbeid:
Før avreise til museet må elevane vere informert om kva som praktisk skal gå føre seg på Kystmuseet. Det er ein fordel om elevar og lærarar har gjennomgått teksten "Om sildefisket før og no" som de finn i vedlegget.

Etterarbeid (for dei som vil):
Skriv ei historie eller lag ein teikneserie der du er med på sildefisket.
Skriv om kva du opplevde på Batalde-bua på Kystmuseet.
Redigere og lage film eller biletpresentasjon av klassen som arbeider med sildeflekking.
Finn foto av fiskebåtar og sildefiske på internett. Lag ei lita utstilling.
Lage måleri av fiskebåtar og ha kunstutstilling.
Elevane finn ut om dei kjenner nokon som har fiskebåt. Kanskje får dei sjå ombord når båten ligg ved kai? Finne matoppskrifter for sild i ulike kjelder. Lage oppskriftsbok.

Ta kontakt med formidlingsleiar dersom de har spørsmål.
Epost: jorunn.bjerk@misf.museum.no       Telefon: 98 26 98 53