Ta ei potet

Ta ei potet, Kystmuseet

Kystmuseet deltek i dette 2-trinnsprosjektet saman med alle barnehagar og skular i Flora Kommune. Hensikten er å sikre barna ei felles referanseramme i overgangsfasen der dei sluttar i barnehagen og vert 1.klassing på skulen.

Tema: I gamle dagar, potet og husdyr som viktig næring.

Felles mål for barnehage og skule: Gje referanseramme for 5-åringane i barnehagen og alle barna i 1.klasse ved skulestart.

Vår:    
Sette poteter.
Besøke geitene på Brendøya.
Sjå på husmannsplassen og lære om gamle dagar.

Haust:
Ta opp poteter.
Sjå på kjøkken frå gamle dagar på Kystmuseet.
Male korn.

Rammefaktorar: Barnegrupper på 15 barn. Større grupper deler seg i to med parallelle opplegg.
Vår: ei gruppe set poteter parallelt med at ei gruppe besøker geitene.                    
Haust: ei gruppe tek opp poteter parallelt med at ei gruppe får omvising på kjøkenet og kverner mjøl.

Arbeidsmåtar:
Førebuing: lære felles dikt og songar. Bruke tre ulike tenkekart som læringsstrategi. La barna få faktaopplysningar om potetdyrking og Brendøya si historie. Husdyr og historie er tilleggstema.

Etterarbeid: Formingsaktivtetar. Matlaging.