Vågsberget handels- og gjestgjevarstad

Vågsberget, Kystmuseet

Vågsberget var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår. Her fekk reisande ei trygg hamn og ein plass å overnatte. Handelsprivilegiet ga likevel det viktigaste økonomiske grunnlaget for eigaren av Vågsberget. Han hadde einerett i sitt område til å selje ei rekkje viktige varer. Vidare dreiv han med oppkjøp, foredling og vidaresal av fisk. Ofte vart fiskaren bunden til å selje til handelsmannen fordi han hadde teke ut varer på kreditt.

Det vart drive privilegert handelsverksemd på Vågsberget frå midten av 1600-talet av familien Fester. På 1700-talet vart det fleire eigarskifter, og då Peder Pedersen Tonning kjøpte staden i 1769 var bygningane "brøstfeldige". Husa vart rivne og nye vart oppført, mellom anna hovudhuset med alle sine utsmykningar.

Vågsberget si tyding som handels- og gjestgjevarstad gjekk drastisk tilbake i tiåra etter 1850. I dag er det blant dei mest komplette og ivaretekne handels- og gjestgjevarstadane i Noreg. Frå St.Hans til skulestart er det ope for publikum med omvisning i hovudhuset. Her er både faste og skiftande utstillingar. Lokalene vert og brukt til kurs- og møteverksemd og til selskapslokale. 

Interiør, VågsbergetVågsberget, Espen Mills

 

Bygningane på Vågsberget

Kart Vågsberget

Driftsbygningen

Driftsbygningen er den yngste av bygningane på Vågsberget. Fram mot slutten av 1800-talet var det vanleg å ha eigne bygningar for kvart einskild husdyr-slag og for oppbevaring av høy. Slik var det også på Vågsberget. I følgje branntakstprotokollar var det eigne fjøs for kyr og sauer og  ein hestestall, samt løe. Det er mogeleg at den delen av driftsbygningen som har vore fjøs, faktisk er det gamle kufjøset og at den grindbygde delen som har vore løe, er den gamle løa flytta inntil. Elles har driftsbygningen fått tilbygg i fleire omgangar fram til midten av 1900-talet.

Dusjhuset

Opphavleg har dette vore eit eldhus, noko som reisverket ber preg av., brunt og svart av røyk og sot. Under sildetida på 1950-talet låg det ein flytande sildoljefabrikk ankra opp ved Vågsberget og staden blei brukt som losji for arbeidarane. Det var då eldhuset vart ominnreidd til dusjhus med støypt golv og støypte vegger innvendig. For nokre år sidan fekk huset ny innredning og er no dusj- og toalettanlegg for gjester.

Gjestgjevarhuset

Gjestgjevarhuset er av dei eldste bygningane på Vågsberget. Vi reknar med at i kvart fall deler av det er bygd før Peder Pedersson Tonning overtok anlegget og renoverte bygningane på 1770-talet. Huset har vore brukt som overnattingsstad for tilreisande. Det har og vore brukt til innkvartering av folk som arbeidde på Vågsberget.

Hovedbygningen

Under ei taksering i 1772 blei det konkludert at disse nu paa Gaarden staaende Huuse, for en stor Deel, ere i overmaade brøstfeldig Tilstand og nesten til Nedfalds.  Peder Pedersson Tonning, som då eide staden,  ønskte ei renovering av bygningsmassen, og ikkje minst ønskte han ein ny hovudbygning. Alle er samde i at den er bygd i hans tid, men ingen har kunne føre prov for årstalet. I 1777 fekk han tinglyst eit dokument som gir eit kostnadsoverslag over eit nybygg. Dette inneheld og hovudmåla til bygget, som stemmer godt overeins med måla på hovudbygningen.  Dette har fått nokon til å hevde at bygningen er frå 1777 eller like etter. På den andre sida er det dei som hevder at den er frå perioden 1807-1810, bygd under krigen med England. Denne dateringa bygger på ei utsegn frå Tonning sjølv, som skal ha sagt Jeg skal bygge en Bygning som skal skinne utover Havet saa Engelskmanden skal faa se vi har Hus her i Landet og. Noko eksakt byggeår har vi enno ikkje prov på, men vi må rekne med at årstalet er nærare 1777 enn 1807.

Krambua

Krambua er av dei eldste bygningane på Vågsberget. Vi reknar med at i kvart fall deler av det er bygd før Peder Pedersson Tonning overtok anlegget og renoverte bygningane på 1770-talet. Krambua fungerte som handelsstad for folk busett i distriktet og tilreisande fiskarar. Eigarane av Vågsberget hadde privilegium på handel fram til midten av 1800-talet då det kom lover som frigjorde handelen. Mot slutten av 1800-talet stogga handelen på Vågsberget opp.

Stabburet

Har vore brukt som stabbur i tilknyting til hovudbygningen og ligg like bak denne. Alder ukjent.

Sjøhuset

Sjøhuset er av dei eldste bygningane på Vågsberget. Vi reknar med at i kvart fall deler av det er bygd før Peder Pedersson Tonning overtok anlegget og renoverte bygningane på 1770-talet. Sjøhuset har vore brukt til mottak og salting av sild og torsk og lager for ferdig tørka klippfisk.