Lisethbua

Lisetbua, Kystmuseet

Lisetbua ligg sentralt i Kalvåg hamn. Det er ei samansatt sjøbu som er bygd i fleire etappar tidleg på 1900-talet. Lisetbua er eit funn av di den har gitt rom for så mange aktivitetar og dermed representerer eit tverrsnitt av allsidig kystrelatert næringsverksemd. Her har vore landbase for eit fiskelag og lager for fiskebruka deira. Her har vore saltebu for sild. Her har vore trandamperi, snikkarverkstad, bøkkarverkstad, tønnelager og losji for tilreisande fiskarar. Og anlegg for hermetisk nedlegging av krabbe. Etasjane er fulle av båtar, fiskereiskap, snekkar- og bøkkarutstyr og andre føremål med tilknyting til dei ulike aktivitetane som har funne stad i bua. Garn og nøter, båtar, snører, teiner, ruser, liner, tauverk, fløyt og iler, mottaks- og salteutstyr for sild, saltekummer, tønnelager, sløyebenk m. utstyr for mottak for torsk, for å nemne noko. Dessutan kister, og anna personleg utstyr med eller utan tilknyting til fiske. I det heile ein opphoping av utstyr som ein sjeldan ser i dag avdi det normalt blir kasta etter kvart som det har blitt avleggs eller er blitt øydelagd. Sidan 1992, då Kystmuseet i Sogn og Fjordane fekk Lisetbua som gåve av Bremanger Kommune, er bygningen restaurert og inventaret delvis registrert.