Kunstnaren Bjørn Hegranes

 

Hegranes, Kystmuseet
Fotograf: Are Fjellestad


Då Bjørn Hegranes gjekk bort i 2011 hadde han allereie gitt eigendommen sin, Jotun, med hus og hage til Kystmuseet. Resten kom i ei testamentarisk gåve, innbu og ei omfattande samling av eigen kunst, eit livsverk som tel over 2 000 arbeid. 

Bjørn Hegranes vaks opp i Florø og budde her i heile sitt liv. Han viste tidleg eit talent for teikning og maling, noko som han utvikla vidare i vaksen alder. Bort sett frå korte opphald ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Oslo og Vestlandets kunstakademi på 1950-talet var han sjølvlært.

Kunstnarskapen til Bjørn Hegranes kan delast inn i tre periodar. Fram til slutten av 1950-talet eksperimenterte han med ulike uttrykksmåtar og teknikkar. Han arbeidde i akvarell, pastell, gouache og teikningar i blyant, feittstift og tusj. Han laga både figurative bilde og abstraksjonar av motiv frå Florø, frå kystlandskapet som han var så glad i og frå studiereiser til Italia, Holland og Frankrike.

På slutten av 1950-talet lærte Bjørn Hegranes seg å arbeide med grafikk, etsning og akvatint. I det påfølgjande tiåret vart han ein kjend og anerkjend grafikar og grafikken hans vart innkjøpt til museum  og samlingar i inn- og utland. Den godkjenninga han sjølv sette høgast var å få gullmedalje ved den internasjonale grafikkbiennalen i Firenze i 1970.

Frå midten av 1960-talet tok Bjørn Hegranes til med å lage materialbilde, sterkt inspirert av ei gruppe unge spanske kunstnarar, m.a. Manuel Millares, som han såg på ei utstilling i Holland nokre år før. I 1968 slutta han med grafikken og materialbilda vart einerådande. 
 

Vil du sjå kunsten til Bjørn Hegranes? Sjå her.

For meir informasjon sjå vedlagt CV.