Arkitekturen

Kystmuseet i Florø, 1985, er teikna av arkitektane Svein Hatløy og Kåre Frølich, og vert rekna som eit av Hatløy sine hovedverk. Ein ser igjen det sterke personlege uttrykket i bygga som er organisert langsetter land, med skråstilte skjermveggar som vern mot havet. Det er arkitektur som spring utfrå i eit sterkt fokus på samspelet som er mellom hus, menneske, kultur og klima.

Svein Hatløy, 1940 – 2015, var utdanna frå NTH i Trondheim og Kunstakademiet og Vitskapsakademiet i Warszawa på 1960-talet. Han vart ei avgjerande drivkraft for etableringa av Bergen Arkitektskole, skipa i 1986, og var rektor og professor der fram til 2007.

Både som arkitekt og teoretikar var Hatløy oppteken av arkitekturen på Vestlandet. Analysa av kystkultur og naturen der menneske levde og etablerte samfunn, vart utgangspunkt for løysingane med bygnadane si utforming. Hatløy vart målberar for teoriar om «open form», som handlar om å skape inkluderande arkitektur som tener eit skiftande liv og tillèt endringar. Om oppgåva med å teikne Kystmuseet seier han m.a. at det skulle vere

«  …eit museum som viser kvardagen og helga på Vestlandskysten. Det skal vise sjøbruket, korleis dei brukte sjø og strand, korleis folk levde av dette, og det skal visa korleis det vart laga samfunn mellom «havmann» og» fjordmann». Samfunnet vart forma på tvers av kysten, mellom fjord og hav. Kystmuseet er ein modell over dette gamle samfunnet..

Vidare om utforminga:

museet frå flytebrygga
«Hallane til Kystmuseet er eit sjømerke sett frå havet, lys flate i mørket, - synleg mørk flate i skodde snødrev og snøfokk.…

Arkitektur platningen         Båthallen, Kystmuseet i Sogn og Fjordane       båtar arkitektur 

innafor møter ein først havet i ein ti meter høg, blå vegg.. mot desse visningsskjermane ligg båtane, står mastene, heng segla, finst utstyret, og ei forteljing om eit liv i høve til havet kan gå opp for ein..»
Frå Svein Hatløy: «Hus og miljø – arkitektur og planlegging», Samlaget 1991