Førjulsbesøk

Julepynt, Kystmuseet

Målsetjing

I besøket får de:

  • sjå på og lære om viktige innslag i førjulstida og julefeiring i fiskarbonden sin heim.
  • lære om gjeremål og folketru.
  • vere med å skape forteljinga om livet her på kysten før i tida.
  • lage noke sjølv
  • smake litt på den gamle julefeiringa.

Organisering:

  • tidsramma er ca. to klokketimar, men vi kan avtale tilpassingar som høver skulen.
  • elevane er vekselvis samla som klasse og oppdelt i mindre arbeidsgrupper.
  • elevane får oppgåver dei skal jobbe med og så framføre i samla klasse.
  • opplegget vert laga for fjerde klasse, og tek utgangspunkt i læreplanen sin generelle del om Kulturarv og identitet:
    • «Utviklinga av identiteten åt kvar einskild skjer ved at ein lever seg inn i nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer. Opplæringa skal derfor ta vare på og utdjupe den kjennskapen elevane har til nasjonale og lokale tradisjonar - den heimlege historia og dei særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjonen i verda.» K-06. U-dir

Forankring i lærarplanen... 

Ta kontakt med formidlingsleiar dersom de har spørsmål.
Epost: jorunn.bjerk@misf.museum.no       Telefon: 98 26 98 53