Brendøyabua

Brendøybua, Kystmuseet

Sjøbua er den einaste av bygningane som sto att på Brendøya då Kystmuseet overtok. På Brendøya låg fleire husmannsplassar under Kinn prestegard. I 1904 fekk Gunnar Brændø kjøpe Brendøya for 11 kr. Han busette seg på den største husmannsplassen og åtte sjøbua. Den var brukt som saltebu, utstyrsbu for fiskebåt og seinare fraktefartøy, og lager for varer som kom sjøvegen.