Brulandshuset

Brulandshuset, Kystmuseet

Brulandshuset hadde adresse Hamnegata 8 og låg i Florø sentrum. Hustomta blei oppmålt i 1889 og tildelt  Andreas Bruland (f. 1839), som var gift med Ansofie Bruland (f. 1840), begge frå Førde. Andreas livnærte seg som lausarbeidar eller daglønar. Huset som blei sett opp på tomta skal vere flytta frå Klauene i Flora. Seinare eigarar var Inge, Olaf og Trygve Batalden.

Brulandshuset, KystmuseetBrulandshuset, Kystmuseet

I 1991 skulle huset rivast og det blei då flytta til Kystmuseet, først til Fugleskjærskaia med to kranbilar og så vidare til museet på ein lekter.