Huset på hammaren

Huset på Hammaren, Kystmuseet

Huset blei kjøpt av Andreas Johannes Martinson Havikbotn (1847 – 1920). Huset sto då på Barekstalandet i Flora. Tradisjonen seier at det er flytta dit frå Norddalsfjorden (Sunndalen) i Flora. Andreas jobba som garnbøtar i Florø. Bygsla Hammaren i 1874, bygde (flytta) huset og dyrka opp plassen. Han gifta seg i 1874 med Hilde Johanne Thoresdatter Knapstad (1837 – 1928). Sonen og arving Mathias Kronelius Andreasson Solheim (1880 -1960) overtok bygselet etter faren, kjøpte seinare plassen (1931). Gifte seg med Bolette Laurine Johannesdatter Sandvik (Ospedal) (1880 -1959). Dei hadde sju born. Dei dyrka gras til kyr og sauer, eit epletre ved brønnen, litt grønsaker (løk). Det sto også eit eldhus og ein driftsbygning på bruket. I 1989 måtte husa rivast då bruket blei seksjonert ut til bustadtomter, og Kystmuseet flytta våningshuset til museumsområdet. 

No er huset mellombels teken ned til reperasjon på verkstaden i Jesenbua. Den gamle laftekjerna skal vølast før huset kjem attende på ny grunnmur ved åkeren på Brendøya.