Jensenbua

Jensenbua, Kystmuseet

Bua blei tidlegare kalla Midthjellbua etter Kristian Midthjell som kom til Måløy rundt 1890. Han var gift med Dorthea Telvik Han bygde bustadhus med forretningslokale i kjellaren der han dreiv landhandel. Samtidig som bustadhuset ble bygget ble første halvdel av sjøhuset reist. Resten kom nokre år seinare.

Sjøhuset var i første omgang bygd som lager for landhandelen. Allereie før hundreårskiftet utvida Midthjell verksemda til å omfatte byggevarer. Den mest interessante tida for Midthjellbua var vel kanskje då dei store torskefiskeria tok til i vårt distrikt rundt 1912. Midthjell begynte då å kjøpe fisk. Den ble flekka og salta på sjøhuset. I 1954 legde Sivert Elvebakk sjøhuset og starta mottak av pigghå. Året etter overtok familien Jensen bua. Dei hadde to line- og garnbåtar (Blanco og Henning) Dei brukte sjøbua til lager og arbeidsplass. I 1993 skulle sjøhuset rivast. Kystmuseet demonterte den og sette den opp i Florø året etter.