Standalbua

Standalbua, Kystmuseet

Standalbua, som tidlegare vart kalla Ørenbua, har fått namn etter Mads H. N. Standal, som var disponent for og deleigar i Landbruk Maskinaktieselskap som hadde butikklokale i Strandgata 35 i Florø. Landbruk hadde omfattande drift, både engros- og detaljforretning innan jernvarer, papp, gjerdenetting, olje, gass, bunkersforretning med meir. Standalbua vart brukt som pakkhus for forretninga. Før landbruk overtok sjøbua var den brukt som saltebu for sildesalting. I 1986 skulle Standalbua rivast av di meieriet, som låg på naboeigendomen, trong meir plass til bil-oppstilling. Kystmuseet demonterte bua og bygde den opp på museumsområdet to år seinare.