Jotunet

 

Hagen Jotunet, Kystmuseet
Hagen på Jotunet før


Kunstnarheimen Jotun inneheld både bustad og atelier. Frå midten av 1960-talet flytta Bjørn og kona Svanhild Hegranes tre gamle hus til eigendommen, ei sperrstove frå Naustdal og ei bu og eit stabbur frå Førde. Desse vart sett opp og knytt saman med gangar til ein romsleg bustad.

I dei første åra nytta Bjørn Hegranes sperrstova som atelier. Seinare, frå 1968, vart det bygd atelierrom i tre vender i tilknyting til bustaddelen slik at Jotun etter kvart vart nærare 40 meter meter lang og med ei grunnflate på om lag 370 m2. Kystmuseet lagar no eit utstillingsrom for eit utval av Bjørn Hegranes sin kunst i eitt av atelierromma.

Foreldra til Bjørn Hegranes dreiv gartneri i Florø. Interessa for hage og plantar hadde han med seg frå barndomsheimen. Saman med Svanhild anla dei ein særmerkt  hage rundt bygningane på Jotun der dei planta ei mengd ulike trær, buskar og staudar. Hagen blir no restaurert og vedlikehalde  ut frå ein drifts- og vedlikehaldsplan som Kystmuseet utvikler.