Fartøya

Haugefisk

MS Haugefisk eit av dei yngste verna fartøya i Norge. Den vart bygd i 1978  som shelterdekka havfiskebåt for autoline- og garnfiske og dreiv fiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet. Haugefisk vart kondemnert i strukturkvoteordninga og Kystmuseet overtok fartøyet i 2005. og Riksantikvaren kom då med følgjande fråsegn: Ingen autolinebåtar er tidligare forsøkt bevart, og havfiskeflåten generelt er svært dårleg representert i vernesamanheng. Riksantikvaren ser difor sers positivt på Kystmuseet sitt initiativ for bevaring av Haugefisk.

Restaureringa av MS Haugefisk er støtta økonomisk av Bremanger kommune, Fiskeri- og kystdepartementet, Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekkje private sponsorar.

Haugefisk, som har heimehavn i Iglandsvik i Bremanger, er drifta av Haugefisk Venner. Den blir nytta til dagsturar i nærområdet og til overnattingsturar både innaskjærs og til øyane vest i havet, Shetland, Færøyane og Orknøyane. Haugefisk blir og nytta til formidling av kystkultur på ymse arrangement og til Den kulturelle skulesekken i Bremanger kommune (lenke til Youtube)

Spørsmål om bruk av Haugefisk kan rettast til leiaren av Haugefisk venner, Kåre Jarl Langeland  k-jlange@hotmail.com

Svanhild

Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik nær Surnadal på Nordmøre i 1889. Svanhild er 76 fot lang og 21 fot brei og gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten. I dag er skuta ombygd til galeas. Ho er eigd av Stiftinga Svanhild og vert administrert av Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Svanhilds venner står for drift av båten. 

Les meir på sida Svanhild.no

Atløy

M/S Atløy er eigd av andelslaget A/L Atløy, med andelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Drift, vedlikehald og restaurering vert gjort av Atløys Venner, som årleg legg ned om lag 10.000 timar dugnad. Kystmuseet i Sogn og Fjordane og Riksantikvaren har det faglege ansvaret for restaureringa. 

Les meir på Atløy si heimeside.

Svømmianna

I 1985 kjøpte Sogn og Fjordane fylkeskommune sognejekta Svømmianna med tanke på restaurering. Nokre år seinare blei stiftinga Bøya laga, eit kombinert bu- arbeids- og skuletilbod for ungdom med åtferdsvanskar. Arbeidstilbodet vart restaureringa av Svømmianna. Kystmuseet fekk bygsla grunn i Båtevika og bygde slipp og båthall rundt Svømmianna. Her vart det og laga plass til restaureringsverkstad. Bøya vart nedlagt i 1994 og Kystmuseet overtok båthallen og Svømmianna frå fylkeskommunen. Sidan har det ikkje vore aktivitet på Svømmianna, men verkstaden har vore brukt til ymse andre restaureringsprosjekt.