Museumsbygg langs kysten

Dei fleste av våre bygningar står i sitt opphavlege miljø, noko som gjer at vi har anlegg spreidd langs etter kysten av Sogn og Fjordane. Bygningane er ofte ein sentral del av landskapet, og landskapet fortel også om bruken av husa. Informasjon om dei ulike bygningane finn du i menyen, og under ser du kart over kor dei er lokalisert.

Ynskjer du å besøke desse anlegga må du kontakte Kystmuseet på førehand.